Ørsta/Volda Pistolklubb

Ørsta/Volda Pistolklubb blei stifta 16. desember 1963. I tidlege tider hadde klubben skytebane på ein gard nokre kilometer nord for Ørsta. Der blei det røyst eit bygg til å sette inn blinkar og slikt. Dei som var med, fortel at det fungerte greitt å skyte der. Nokre år seinare fekk pistolklubben, saman med rifleskyttarar frå DFS og eit bedriftsidrettslag, ominnreie bomberomet i Ørsta samfunnshus til skytebane. Sidan har bana fungert godt for oss.

No har bygget fått namnet Ørsta kulturhus og vi leiger fortsatt bane der. På bana har vi 8 elektroniske skiver på 25 meters avstand. Rifleskyttarane har standplassen sin lenger framme og skyt på 10 meter avstand. For nokre år sidan pussa vi og rifleskyttarane opp pauserommet bak standplassen. Det blei plass til både ein sofa og ein kjøkkenkrok. Vi er også i gang med å pusse opp sanitæranlegget i naborommet til pauserommet. Der skal bli eit handikapvennleg toalett.

orstavolda-pistolklubb_konkurranse-i-sollidalen

Vi har skyteøving inne i oppvarma lokale tre gongar i veka i vinterhalvåret. Ein av kveldane brukar vi til skyteøving for begynnarar. Dei kveldane passar vi på at det er erfarne standplassleiarar til stades slik at pistolskyttarar får svar og hjelp dersom dei er usikre på noko.

Dei to andre kveldane arrangerer vi skyteøving for meir erfarne pistolskyttarar. Det blir som regel skote minst eit av programma standardpistol, hurtigpistol eller finpistol. Klubben har i fleire år arrangert ein intern vintercup med desse tre programma. Medlemar er veldig interesserte i å bli med i vintercupen. Så interesserte er mange at det kanskje blir for myke skyting av program og for lite øving på detaljar. I vintercupen konkurrerer vi mot oss sjølve i tidlegare år og mot kvarandre i inneverande år. Frå komande vinter vil klubben gi ei premie til alle som fullfører cupen, det vil seie å ha skote kvart program minst fire gongar i løpet av vinteren.

Vi arrangerer normalt fire banestemner i året. Då koplar vi til ein projektor og viser treffa til skyttarane på veggen i pauserommet til tilskodarane.

orstavolda-pistolklubb_blinker

I sommarhalvåret arrangerer klubben skyteøvingar frå bana i Sollidalen mellom Ørsta og Volda. Det er eit område langt frå busetting som er sett av til skyting. Her har pistolskyttarar, rifleskyttarar og hagleskyttarar bygd skytebaner og deler på vedlikehaldet av fellesområda og vegen. Huset som pistolklubben har bygd på dugnad, har 4 garasjeportar, slik at vi kan stå under tak medan vi skyt. Framfor skyttarhuset er det gruslagt ei skytebane på 25 meter, slik at vi mellom anna kan arrangere NorgesFelt-konkurransar her. Vi nyttar også plassen til standplassar i ordinære feltkonkurransar. Alle medlemar har tilgang til skyttarhuset og kan øve når dei har tid.

I år har vi ei aktiv feltgruppe som arrangerer fire feltstemner og fornyar løypa vi har brukt tidlegare år. Det har mellom anna kome på plass eit stativ for blinkar som svingar sidevegs, ny bru over ei djup grøft og permanente fester for blinkar på langholdet. Dei utvida også løypa frå 6 til 8 skyttarar på kvart lag, då vi rekna med at det kom mange skyttarar til vårt første stemne i vår.

Huset i Sollidalen blir også nytta av ei aktiv gruppe som skyt med svartkrutvåpen. I 2016 skal vi arrangere fem slike stemner der skyttarane ofte ladar våpna på standplass og skyt 13 skot mot blinken. Her kan ein skyte med ei rekkje ulike våpen i ulike klassar. Svartkrut lagar mykje røyk og når ein skyt med slike våpen på ein vindstille dag, kan det vere problematisk å sjå fram til blinkane, før røyken løyser seg opp. Krutet har også ei særeigen lukt. Nokon tek det med svartkrut eit steg vidare og skaffar seg skyteklede som liknar dei som var i bruk i tida då svartkrut var det einaste krutet i bruk.

orstavolda-pistolklubb_svartkruttskyting

Bana i Sollidalen blir også nyta til Dynamisk skyting. Det blir sett opp løype på grusbana framfor skyttarhuset. Her spring skyttarane frå plass til plass og skyt på definerte mål. Skytinga krev presisjon for å treffe måla, kraft fordi det må nyttast kraftig ammunisjon og god reaksjonsemne, fordi kvart tidels sekund tel ved poengrekninga. Nokre av medlemane i Ørsta/Volda Pistolklubb er også aktive i denne skyteforma.

Vinteren 2015/2016 studerte ein profesjonell pistolskyttar ved høgskulen i Volda. Han er med på rangeringsliste over dei beste mannlige pistolskyttarane i Europa i Finpistol. Han deltok på mange av skyteøvingane i klubben og heldt eit vidaregåande kurs i pistolskyting for oss andre. Fleire opplevde det som nyttig å høyre kva som må til for å bli veldig dyktig. Det å skyte samtidig som «proffen», var også ein stor inspirasjon til å bli ein betre pistolskyttar.

Arve Berg 
Formann

Vi takkar Hafrsfjord Pistolklubb for mogelegheita til å skrive under stafettpinnen og utfordrar Florø Pistolklubb til å skrive i neste utgåve av Skytternytt.