Florø Pistolklubb
I Skytternytt 5/2016 var det Florø Pistolklubb som fulgte oppfordringen og skrev om klubben sin:
Florø PK vart stifta i 1970 der blant andre Arne og Jan Jeppesen var nokon av pådriverane, Jan Jeppesen var klubbens første formann. Torleif Solberg og Jan Angell Jacobsen var nokre av ildsjelene.
Dei første åra hadde vi skyting i kjelleren på Florø Folkeskole, noko vi fortsatte med til inn på 80-tallet. Ca. 1975 vart det på dugnad starta bygging av ein enkel standplass med plass til 10 skytterar og skiveanlegg med mulighet for hydraulisk vending av skivene; bana blei tatt i bruk i 1976. Dette var på eit område ved Litlevatnet i sentrum av Florø by, tildelt av Flora kommune. Her vart det skutt vår, sommer og høst, om vinteren hadde vi skyting inne i kjelleren på Folkeskolen.
Bana ved Litlevatnet var på denne tida ansett som den beste pistolbana i fylket og klubben hadde over 70 medlemmer.
Det blei og etablert skytebane inne på Hatleseth der det blei arrangerte metallsilhuettskyting og feltstevner. Det var ganske stor aktivitet i klubben på denne tida, med en del reising både på fin/grov- stevner, feltstevner og metallsilhuettstevner.
Klubben levde med aktivitet som varierte opp gjennom åra, med reising i og utanfor fylket. På det beste hadde vi kretsmestere i både Fin-, Grov- og Standard-pistol.
Beste resultatet i metallsilhuett var en 2. plass i NM cal .22 i 1982.
I denne sammenheng må vi ikkje gløyme Hjalmar Joleik som har skutt seg til fleire toppplasseringar i NM i fin og grovpistol samt feltskyting under Florø PK sin logo.
Siste året klubben brukte bana i Storeåsen ved Litlevatnet, var i 2014. Da var det nye skytebaneanlegget på Grovastøylen ferdig og kunne takast i bruk. Noko på overtid var det naturlig for både Florø skytterlag og Florø PK og flytte ut av Florø by som med tida har vokst seg stor på bebyggelse og folketal, det var ikkje lenger plass eller fornuftig å ha skytebaner i tettbefolket område. Det nye skytebaneanlegget ligg ca. 2 mil fra Florø sentrum. Der er det bygget ny leirduebane, viltmålbane, DFS 100 og 200 meter bane og pistolbane med 25 og 50 meters hold.
Kommunen har vore ein fantastisk pådrivar og avgjørande økonomisk bidragsytar for å realisere dette prosjektet! Florø PK er stolte av å ha bygget standplass på den nye pistolbana nesten 100 % på dugnad. Det var med stor iver medlemmane bidrog med kompetanse og fritid for å bli raskast mogleg ferdige med bana.
Sidan oppstart på den nye bana har klubben nær dobla antall medlemmar, fra 59 i utgangen av 2014, med ein dertilhøyrande formidabel aktivitetsauke. Noko som har gjort til at det er blitt nødvendig å ha opptil 4 faste skytedagar i veka, der dei forskjellige skyteprogramma har fått eigne dagar. Vi har eigentrening/teknikktrening på presisjon og duelskiver på tirsdagar, feltskyting på onsdagar, konkurransetrening på elektroniske skiver på torsdagane. Mandager er avsatt til litt meir ufor- mell «moroskyting» på diverse stålmål. Ein skal ikkje bare ha det gøy, ein skal ha det litt moro og!
Vidare er det ei voksande interesse for det som heiter dynamisk sportsskyting i klubben. Pr. no er ikkje Florø PK tilslutta DSSN, men det er eit nært samarbeid med Sogn og Fjordane sportsskyttarklubb (SFS) som er tilslutta DSSN og har eit 30-40 talls medlemmar. Dei i Florø PK som og syslar med dynamisk, har fått tilvist laurdagar til trening på bana.
Alt i alt, Florø PK ser lyst på framtida med fortsatt aukande interesse og aktivitet.
Roy Pedersen
Leiar av Florø PK
Stafettpinnen vert herved sendt vidare til Sandane Pistolklubb som skriv i Skytternytt nr. 6.