Sandane Pistolklubb

I Skytternytt 5/2016 var det Florø Pistolklubb som sendte stafettpinnen videre til Sandane Pistolklubb:

Sandane Pistolklubb vart stifta 27.11.1963 og er heimehøyrande i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Klubben er fylkets eldste, og skipingsmøtet fann stad på bakrommet på «Sentrum Café» på Sandane. Bygget eksisterer framleis og har seinare husa både likningskontor og folkeregister, før det vart omdisponert til leilegheiter.

Bakgrunnen for klubben var nok først og fremst at ein del pistolar frå krigen framleis var i private folks eige – og desse karane likte å konkurrere seg imellom, så for å få det i organiserte former vart Sandane PK stifta. Det var i mange år ein eksklusiv liten klubb der du ikkje vart oppteken som medlem utan å vera anbefalt av eitt eller fleire eksisterande medlemmer, ein praksis som heldt stand til godt frampå 70-talet.

Frå 1966 hadde klubben ei utandørs bane litt utanfor Sandane Sentrum, i ”Jølet” som det heiter på folkemunne. Dette området vart så teke til museumsområde og pistolklubben var slett ikkje velkomen der lenger, men den trassige gjengen med pistolar heldt stand gjennom utallige kranglar med både museum og kommune – heilt til Ura Pistolbane stod ferdig med 10 elektroniske skiver i 2012.

Bana er heilt og hallent bygd på dugnad, ein fast gjeng jobba tre kveldar i veka i to år – til saman 2500 timar før bana stod ferdig. Det nye klubbhuset har blitt lyst og triveleg og det er godt å ha ein plass der medlemmane kan samlast til møter, kurs og liknande. Med den nye bana har medlemstalet gått opp, og oppmøte på treningskveldane har meir enn dobla seg.

Klubbens medlemmer har tatt 15 KM og 4 DM- titlar siste året og vi har den høgaste aktiviteten av alle klubbane i fylket.

Mange lange og mørke vinterkveldar gjekk med før dugnadsgjengen hadde tett bygg, men våren 2011 kunne vi starte på innearbeidet. Klubben har eit bredt spekter av yrkesgrupper innan handverksfaga, så det var berre å kommandere troppene ut ettersom behovet var der – betongarbeid, kranbil, fleire tømrarar, golvlegger og elektrikarar – alle stilte villig opp når leiaren i baneutvalget ringde. Utan denne trufaste og velvillige gjengen hadde det blitt eit umogeleg prosjekt for en så liten klubb.

Sjølv om bana er ”ferdig”, så blir den vel eigentleg aldri heilt ferdig likevel – det kjem stadig gode idear og forslag over kaffikoppane i klubbhuset – og med den dugnadsgjengen vi har klart å avle fram, så er det sjeldan langt frå idé til handling!

Neste store prosjekt er å laga eit permanent tak over dei elektroniske skivene slik at dei kan vere operative året rundt. Dette er dog litt avhengig av at moder natur samarbeider, for det er ikkje uvanleg at takraset ligg så høgt vinterstid at det er under halvmeteren klaring oppunder takrenna!

Det har også blitt bygd ei 10 m luftbane med tre standplassar, der vi kan trene i oppvarma lokale heile vinteren – dette vart ordna ved at ein har isolert veggar og himling ute på standplassen og laga isolerte dører og luker som kan stengast i dei periodane alt anna er nedsnødd.

Klubben har gjennom mange år vore representert i styret for skyttarkrinsen med fleire personar – og slik har det blitt knytta et stort kontaktnett som også går utanfor fylkesgrensene. Klubben har vore så heldig å ha mange engasjerte medlemmar, noko som viser igjen i så vel dugnadsinnsats som i verv på krinsplan. Sjølv om personane har vore skifta fleire gonger, har klubben bortsett frå eit år hatt krinsleiaren dei siste 15 – 16 åra. Det å sitte i styret for ein klubb med så mange engasjerte og arbeidsvillege medlemmar, er rett og slett inspirerande – og slik sett drar det eine med seg det andre, slik at det kjem alle medlemmane til gode.

Det finaste med pistolskyting som idrett, er det gode miljøet som uavhengig av kjønn og alder har noko å gi til alle som er med. Også konkurrentar utvekslar erfaringar og er alltid villege til å dele kunnskap og gode tips til uerfarne skyttarar. Skyttarar frå andre klubbar stiller opp og hjelper arrangørklubben som dommarar eller skyteleiarar, dersom det trengs – det er aldri nei å få om spørsmålet dukkar opp.

Sandane Pistolklubb har gjennom mange år vore engasjert i ungdomsarbeid gjennom eit lokalt tiltak som går under namnet ”Idrettsklubben”. Dette er eit dugnadsbasert tiltak som kvar fredag opnar idrettslaget sitt klubbhus og gymsal for ungdom, og der dei kan drive ulike aktivitetar – deriblant pistolskyting. Det heile blir overvaka av foreldre som på dugnad fungerer som vakter og til å drive kiosk med vaflar og saft til ungdommane og kaffi for den eldre garde. Pistolklubben stiller med luftvåpen, skiver og kuler vederlagsfritt og dette er populært. Dei som vil får ta med seg skivene sine heim, og ikkje sjeldan dukkar nokre av ungdommane opp seinare på et av pistolklubben sine nybegynnarkurs, gjerne då saman med ein av foreldrene. Også lokale 4H-klubbar har på forespørnad fått prøva pistolskyting på samlingar i anledning oppstartinga på et nytt 4H-år.

Klubben har også fleire gonger stilt opp på samlingar gjennom Fosterheimstenesta i S&Fj og hatt pistolskyting som aktivitet på deira familiesamlingar. Dette har vi fått svært gode tilbakemeldingar på, og vi har stor tru på at dette er med på å gi et godt inntrykk av klubben og skytesporten til personar som elles kanskje ikkje ville kome i kontakt med skyttarmiljøet.

Klubben er for tida den mest aktive i S&Fj. I 2015 talde klubben 69 medlemmar og vi arrangerte 14 stemner med til saman 768 startar – ein oppgang frå 2014 på 431 startar. To av stemnedagane var det over 100 startar.

Geografisk sett ligg Sandane PK godt plassert og innafor to timar med bil når vi dei fleste andre klubbar i fylket samt dei nærmaste klubbane i nabofylka. Dette er en klar fordel både for dei av oss som reiser en del rundt og det er med på å gi god deltaking på våre stemner – ikkje sjeldan er meir enn ti ulike klubbar representert på stemna våre.

Viktigast av alt er likevel stemninga, humøret og gleda over å kunne samlast som en stor kamerat-gjeng, vennskapeleg konkurranse – og så klart litt erting for resultata, dersom den anledninga byr seg.

Peter Bergheim
Nestleiar

ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE